Bestillinger


Korleis bestille time?

Timebestilling pr SMS-melding

Skriv ei SMS-melding som du innleier med EID. Etter EID og eit mellomrom skriv du navnet ditt, fødselsdatoen din, gjerne nokre stikkord om kva det gjeld og om hastegrad. Meldinga sender du til 2097. Ei melding kan til dømes sjå slik ut: EID Ola Hansen 040590 ønskjer time, gjerne i neste veke. Tenesta kostar kr. 6.- pr. mottatt melding. Du kan sende melding heile døgeret. Du vil få melding tidleg neste virkedag med tidspunkt for time.

Timebestilling her på nettsidene våre

Trykk på "Bestill time på nett" til høgre på nettsidene våre. Følg instruksjonane. Du treng mobiltelefonen din ved bestilling for å bekrefte kven du er og du mottar timeavtalen til samme mobiltelefon tidleg neste virkedag.

Timebestilling pr telefon

Om du ikkje kan eller ønskjer å nytte deg av timebestilling pr SMS-melding eller via desse nettsidene, kan du bestille time med å ringe oss mellom kl 09.00 og 15.00. Det vil ofte vere stor pågang tidleg på dagen, og derfor vil det vere lettare å komme igjennom noko seinare på dagen.



Korleis avbestille eller endre timeavtale?

Skriv ei SMS-melding som du innleier med EID. Etter EID og eit mellomrom skriv du navnet ditt og fødselsdato med avbestillinga eller ønskje om endring av time. Meldinga sender du til 2097.

Du kan også avbestille timar ved å ringje oss.

Avbestilling må skje seinast 24 timar før konsultasjonen skal finne stad. Ellers må du betale for konsultasjonen sjølv om du avbestiller eller berre ikkje møter. Giro vert då sendt deg. Ved særskilde årsaker til sein avbestilling eller manglande oppmøte, vil vi vere så fleksible som råd.



Korleis bestille resept på faste medisinar?

Skriv ei SMS-melding som du innleier med EID. Etter EID og eit mellomrom skriv du navnet ditt, fødselsdatoen din og navnet på medisinen du treng ny resept på. Skriv gjerne også styrken på tablettane og korleis du tek dei. Meldinga sender du til 2097. 

Du kan også ringe oss eller sende oss telefaks for fornying av resept.

Reseptane kan hentast dagen etter i ekspedisjonen ved Eid Legekontor. 

Resepten kan også sendast til deg pr brev eller pr telefaks til det apoteket du ønskjer. Det tilkjem då eit ekspedisjonsgebyr på kr. 54,- Om resepten vert faksa til Vitus Apotek Nordfjordeid, kan du betale for resepten og faksing av denne direkte til apoteket. Ved sending pr brev eller faksing til andre apotek, vil vi sende deg giro. Det tilkjem då fakturagebyr kr 45,- 

Husk å bestille reseptar i god tid, spesielt før ferien.

Beroligende medisinar, sovetablettar og vanedannande medisinar kan kun utleverast i konsultasjon med lege, eller etter avtale med fastlegen.