Velkommen

Eid Legekontor ligg på Nordfjordeid og husar alle fastlegane i Eid kommune. Alle legane er privatpraktiserande fastlegar med kommunale delstillingar som tilsynslege ved sjukeheim/eldretun, skule- og helsestasjonslege, smittevernlege, lege i psykososialt kriseteam m.v.

Fleire av legane ved kontoret har gjennomført 5-årig vidareutdanning og er spesialistar i allmennmedisin. Denne spesialistgraden må etter første gongs godkjenning fornyast kvart femte år etter sentrale krav til fagleg oppdatering og utdanning.

Ein av legane ved kontoret er godkjend sjømannslege, og to av legane er godkjende petroleumslegar.

Eid Legekontor har til vanleg turnuslege i arbeid ved kontoret. Turnuslegen arbeider fritt på alle fastlegelistene og får fortløpande rettleiing av dei andre legane ved kontoret.

Eid Legekontor er også tilknytta Universitetet i Bergen og legane bidrar i praktisk undervisning av legestudentar. Pasientar vil kunne bli bedne om å delta i denne undervisninga.

Dei seks fastlegane ved kontoret har ei listelengde på 1040 pasientar kvar. Til saman har legane nærare 6240 pasientar på listene sine.

Vi oppfordrar alle pasientar til å nytte SMS-melding eller desse internettsidene ved bestilling av timar og reseptar på faste medisinar. Dette vil frigjere kapasitet som vi kan nytte i pasientbehandling framfor meir administrative tenester.

Ved trong for akutt legehjelp kan ikkje SMS-melding eller internett nyttast fordi vi ikkje kan vere sikre på at vi fangar opp meldinga raskt nok. Ring då telefonnummer som oppført nedanfor.

Ved trong for akutt legehjelp:

Telefon 57861000 eller 113 (Medisinsk naudtelefon)

Ordinære telefonar om legehjelp eller anna som kan vente litt: 

Telefon 57863020



Viktig informasjon

2. juni 2013 kl. 23:35

"Vikarliste Eid Legekontor"

Dr. Fagerheim slutta som fastlege i Eid 15.04.13.

 

Eid kommune søkjer no etter ein ny lege som vil ta over stillinga hennar. Denne legen vil då overta ansvaret for pasientlista til Dr. Fagerheim. Den enkelte pasient treng ikkje å gjere noko sjølv i samband med dette skiftet.

 

Dei pasientane som tidlegare var på Dr. Fagerheim si fastlegeliste, vil inntil vidare vere oppført på "Vikarliste Eid Legekontor". Denne pasientlista vil verte bemanna med ulike vikarlegar inntil ny fastlege er tilsett.

 

Dr. Jakob-Andreas Vilkensen vil no vere fast vikar i stillinga til 31.12.14.

 

23. januar 2013 kl. 08:14

E-resept vert innført i Eid Kommune 05.02.2013

For informasjon om ordninga sjå:

http://helsenorge.no/selvbetjening/sider/om-e-resept/om-e-resept1.aspx