Betalingsautomat
Ved Eid Legekontor nyttar vi no ein betalingsautomat frå Melin Medical for betaling av alle tenester ved kontoret.
- Om du skal betale for legekonsultasjon eller andre tenester ved kontoret tastar du fødselsdatoen din på skjermen på automaten. Beløpet som ligg til betaling kjem då fram på skjermen.
- Du kan velge om du vil betale med kontantar, bankkort eller om du ønskjer ein faktura.
- Automaten kan ta imot kontantar og bankterminal er innebygd i sjølve automaten.
- Om du ønskjer giro vert denne skriven ut av automaten og ser ut som ei kvitteringsutskrift. På denne finn du beløp, kontonummer, KID-nummer og forfallsdato, og du kan betale via nettbank eller i banken. Ved betaling med faktura tilkjem fakturagebyr kr 55,-.
- Om du forlet kontoret utan å nytte automaten til å betale, vil faktura for tenestene bli sendt deg pr brev.
- For mindre summar som vert sendt til fakturering, ventar vi til samla uteståande beløp kjem over kr 135,- før vi sender deg faktura. Dette gjer vi for at du om mogeleg skal sleppe å betale fakturagebyr på heilt små fakturabeløp. Om beløpet ikkje kjem over denne grensa vert det uansett sendt ut faktura etter 90 dagar.
- Melin Medical følgjer opp purring av fakturaer, inkasso m.m.
Om du finn det vanskelig å nytte automaten vil vårt personale gjerne hjelpe deg. Ta kontakt med ekspedisjonen.
Automaten fører til mindre ventetid for deg som skal betale og frigjer tid som vårt personale heller kan nytte til å handsame telefonar og utføre anna pasientretta arbeid ved kontoret.